100% vikariat som aktivitør/miljøarbeidar frå d.d. til 31.01.2028. Arbeid på dagtid måndag til fredag.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidar har eit hovudansvar for planlegging, gjennomføring og utvikling av aktivitetstilboda. Under dette ligg ansvar for daglege varierte fellesaktivitetar på aktivitetsstova (song, musikk, baking, underhaldning mm.) og/eller individtilpassa aktivitetar for den einskilde bebuar
Det kan bli tillagt andre oppgåver utifrå bebuarane sine behov, t.d. aktivitetar på ettermiddag/kveld.
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning og/eller praksis
Meistre norsk tilfredsstillande, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Me legg vekt på
Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar
Gode kommunikasjonsevner
Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.