Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar?
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs.
Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag !
Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko og vil noko, så søk gjerne.
I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform.
Teknologi
Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team.
Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI.
Det er også ønskjeleg med
Denne stillinga er primært plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er open for at seniorutviklarar kan jobbe frå eit av våre andre kontor i Brønnøysund eller Oslo.
Du blir ein del av eit lag ,og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.
Det er derfor viktig at du
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: [email protected] Telefon: 911 46 279
Seniorrådgiver Eldar Venes
E-post: [email protected] Telefon: 913 28 347
Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.
Sikkerheit i Digdir
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss. I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen. Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.