Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team.
På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.
Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vikaratet er ledig frå 04.01.27 til 30.11.27 med mogleg forelnging.
Me tilbyr
Kvalifikasjoner
Personlege eigenskapar
Arbeidsoppgåver
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.