Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Seim skule i Alver kommune frå 01.01.2027 og fram til 31.07.2027. Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon på 6.trinn. Vikariatet kan bli forlenga utover hausten 2027 ut frå vikarbehovet ved skulen frå haust 2027.
Du kan lese meir om skulen her.
Seim skule er ein barneskule med 125 elevar og omlag 20 tilsette. Visjonen til skulen er «Ein skule for framtida med fokus på leik, læring og meistring».
Skulen var nybygt til skuleåret 2013/2014, og ligg sentralt på Seim, ca 10 minutt køyring frå Knarvik langs Fv 57. Vi tør påstå at vi har eit godt arbeidsmiljø på skulen vår, og at utfordringar blir løyst i fellesskap.
Det er ønskjeleg med lærarutdanning, 1-7, 5-10 eller tilsvarande kompetanse.
Kompetanse i matematikkfaget og erfaring med Individuelt tilrettelegging (ITO) er ein fordel.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede