Dersom ditt faglege engasjement spenner over både leiing og juss, kan rolla som domstolleiar vere interessant for deg. Noregs domstolar er samfunnets fremste konfliktløysar. Vi skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet. Uavhengigheit og tillit er føresetnader for dette.
Domstolane skal vere brukar- og utviklingsorienterte. Vi arbeider difor med forbetring av arbeidsprosessar, der KI og andre digitale verktøy spelar ei sentral rolle. Du vil kome til å ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet. Ei viktig leiaroppgåve er å skape gode relasjonar og utvikle sterke fagmiljø og eit arbeidsmiljø som tiltrekkjer seg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Som domstolleiar må du kjenne deg att i Grunnlag for god ledelse staten.
Det blir ledig embete som domstolleiar ved Sunnmøre tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
For å bli domstolleiar må du ha følgjande kompetanse:
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
Ved tilsetjinga tilbyr vi årslønn, som for tida er kr 1.733.100.
Det gis eit årleg tillegg på kr. 92.200,- for å leie fleire rettsstadar.
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknad og i CV-en blir handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for moglegheita til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet. Det blir vist spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 6, «Lederkompetanser».
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida «Søk denne stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.