Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ei sengepost, Kvinnepost Tertnes og
poliklinikk/ambulant team, Familieambulatoriet. Kvinnepost Tertnes består i dag av psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk
sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og
treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin
spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har
tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om
brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt
engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg
samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og
behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi,
treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi
samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av
familieterapeut.
Vi har no ledig eit års vikariat i 50% stilling på natt som sjukepleier eller vernepleier frå januar. Det er moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking av pasientar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
- Medikamenthandtering
- Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
- Praktiske gjeremål på posten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vere tolmodig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
- Trivast med å arbeide på natt
- Evne til å samarbeide godt med andre
- Er fleksibel, løysningorientert og kan jobbe sjølstendig innanfor rammene
- Positiv innstilling til oppgåvene som er på natt
- Ha evne til å sjå pasientane sine behov
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Katrine Erstad Rødlyng, Leiar, 93888808,
[email protected]
Arbeidsstad
Tertnesveien 35
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5198900595
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.11.2026