Vil du vere med og løfte skulen vår?
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor
Har du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?
Då kan du vere den nye rektoren vår!
Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn.
Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede.
Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.
Arbeidsoppgåver
Som rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.
Me tilbyr
Vil du vere med og gjere ein forskjell?
Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane.
Me gler oss til å høyre frå deg!