Vil du vere lærar på ein liten skule der du får følgje elevane tett og vere med på å skape ein trygg, variert og lærerik skulekvardag?
Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei. Bygda har eit aktivt lokalmiljø med mange lag og organisasjonar.
Oppvekstsenteret omfattar skule, SFO og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden. I nærområdet finn du skog, idrettsbane og lysløype. Skulen har eige symjebasseng og gode undervisningsfasilitetar.
Skulen er fådelt, med elevar frå 1. til 7. trinn fordelte på småskule og mellomsteg. Inneverande skuleår har skulen 11 elevar. Storleiken gir gode føresetnader for å bli godt kjent med den enkelte eleven og gi tett oppfølging. Skulen har særleg merksemd på basisfaga og lesing, og arbeider med satsinga «Trygt og godt skule- og barnehagemiljø».
Om stillinga
I perioden 1. januar 2027 til 1. januar 2028 har me ledig eit vikariat i 90 % stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar ligg til stillinga. Me har særleg behov for undervisningskompetanse i norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.
Arbeidsoppgåver
Du skal mellom anna:
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
Fagynskje: me ser gjerne at du har eitt eller fleire av faga norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Kven er du?
Me ser etter ein lærar som:
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.