Etne kommune søkjer ein praktisk, løysingsorientert og fagleg trygg miljørådgjevar som vil gjere ein forskjell – både for miljøet og for innbyggjarane våre.
Me har mange private avløpsanlegg i kommunen og ønskjer å styrkje arbeidet med å sikre at desse fungerer tilfredsstillande og ikkje fører til unødvendig forureining av grunnvatn, bekkar, elvar og sjø.
Dette er ei stilling for deg som trivst med å kombinere praktisk teknisk arbeid, faglege vurderingar og god dialog med menneske. Det er viktig for oss at du har god forståing for korleis private avløpsanlegg fungerer i praksis, og at du kan gi konkrete råd som hjelper innbyggjarane med å ha kontroll på eigne utslepp.
Me ønskjer oss ein medarbeidar som ikkje berre kan peike på problem, men som også kan bidra til å finne gode løysingar.
Me ser etter deg som har solid praktisk og teknisk forståing for vatn og avløp.
Aktuell bakgrunn kan vere fagbrev som røyrleggjar, teknisk fagskule, ingeniørutdanning eller anna relevant utdanning. Praktisk erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Det er særleg ønskjeleg at du har:
Du må ha førarkort klasse B og kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Me legg stor vekt på at du er praktisk anlagt, løysingsorientert og god til å møte menneske.
Du må kunne setje deg inn i situasjonen til innbyggjarane, forstå utfordringane deira og bidra til å finne løysingar som er både miljømessig forsvarlege og økonomisk fornuftige.
Ei meiningsfull stilling der du får vere med på å utvikle eit viktig fagområde i Etne kommune.
Du får høve til å kombinere praktisk arbeid, miljøfag og direkte samarbeid med innbyggjarane. Du vert ein del av eining Utvikling og får ei sentral rolle i arbeidet med å ta vare på vassmiljøet i kommunen.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.