I Ørsta kommune er det ledig 2x100 % og 1x90 % vikarstilling for vernepleiar/miljøterapeut i tenesteområde Bu og habilitering, Dalevegen 30-32.
Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim. Stillinga ved Dalevegen 30-32 er knytt til bustader og avlastningstiltak for barn og unge.
Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi har årsturnus og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Det er mogleg å gå langvakter på kvardag og helg. I stillingane vil du gå inn i planlagde turnuslinjer for den tilsette du skal gå i vikariat for.
Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Vikarstillingane som er ledige er:
Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på.
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr2- Stillingar med krav om min 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode: 6675 miljøterapeut / 6455 vernepleiar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.