Fast stilling som farmasøyt ved Radiologisk avdeling, Senter for nukleærmedisin, PET.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig ei fast stilling (100%) som farmasøyt ved Senter for nukleærmedisin/PET ved Radiologisk avdeling. Faget nukleærmedisin omfattar både bildediagnostikk og terapi, og kombinerer fagområda anatomi, fysiologi, biokjemi, farmasi, kjemi, patologi, strålefysikk og bildedanning.
Senter for nukleærmedisin/PET er eit av dei største nukleærmedisinske sentera i landet med om lag 45 medarbeidarar fordelt på ulike yrkesgrupper. Vi utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke, og har i tillegg enkelte regionale og landsdekkande funksjonar.
Senteret har ein eigen legemiddelproduksjon for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi. Her produserer vi ei rekkje radiofarmaka til bruk innan nukleærmedisinsk diagnostikk og forsking, mellom anna [18F]FDG, [18F]PSMA-1007, [18F]FLT, [18F]FDOPA, [18F]FMISO og [13N]Ammoniakk. Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), ein PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ein ultralyd-lab (Canon).
Vi søkjer no ein engasjert farmasøyt som ønskjer å arbeide med kvalitetssikring og regulatorisk oppfølging av radiofarmakaproduksjon. Stillinga vil vere tilknytt legemiddelverksemda ved senteret og innebere tett samarbeid med farmasøyt, kjemikarar, fysikarar og anna personell involvert i produksjon og kvalitetskontroll av radiofarmaka. Det er også tett samarbeid mellom personar tilknytt legemiddelproduksjon og klinisk personell på senteret.
Den som blir tilsett vil få ei sentral rolle i vidareutvikling av kvalitetssystemet ved verksemda. Det er eit mål at kandidaten på sikt skal kvalifiserast for oppgåver knytt til rolla som Qualified Person (QP).
Det er primært dagarbeid ved senteret, men det kan i periodar vere aktuelt med tidlegvakter knytt til legemiddelproduksjon.
Som ein del av legemiddelgruppa vil du arbeide i skjeringspunktet mellom legemiddelproduksjon, kvalitetssystem og pasientbehandling.
Dine hovudoppgåver vil vere:
For kandidatar med interesse for det kan stillinga òg omfatte oppgåver innan GDP (Good Distribution Practice), eller bidrag til forsking og utviklingsprosjekt ved senteret.
Vi ser etter deg som trivst med kvalitetsarbeid, regelverk og tverrfagleg samarbeid i eit høgteknologisk miljø.
Utdanning: Mastergrad i farmasi (provisorfarmasøyt) med norsk autorisasjon
Erfaring: Erfaring frå legemiddelproduksjon, kvalitetssikring (QA), kvalitetskontroll (QC) eller anna GMP-regulert verksemd er ønskjeleg
Regelverk: Kjennskap til GMP er ein fordel. Erfaring med GDP, GVP eller farmasøytisk kvalitetssystem vil bli vektlagt
QP-kompetanse: Kvalifikasjonar for eller interesse for å utviklast mot rolle som Qualified Person (QP) er ønskjeleg
Språk: Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Søkjarar må kunne dokumentere norskkunnskapar tilsvarande Bergenstesten (C1)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.