Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga).Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar.
Hjå oss møter du dyktige kollegaer og vakker natur rett utanfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon. Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen. Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag.
Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.
Hjå oss får du:
Som tilsett i Voss herad får du:
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som:
Vil du vere med og gjere ein viktig forskjell i barna sin kvardag? Då håpar vi du søkjer. Hos oss får du arbeide i eit sterkt fagmiljø, tett på barn som treng trygge relasjonar, og vere med på å skape utvikling, meistring og gode dagar for dei som har størst behov for det.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden