Vi søker etter engasjerte og dyktige kokkar til kjøkkenet vårt på Askvoll omsorgssenter. Som kokk ved Askvoll omsorgssenter vil du ha ei sentral rolle knytt til kosthald, ernæring og matglede. Du vil spele ei viktig rolle i kjøkkentenesta og kunne bidra til å utvikle kvalitet i matproduksjonen. Di interesse og kunnskap om kosthald og ernæring vil ha stor betydning for våre bebuarar og heimebuande.
I vår kommune er vi opptekne av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Primæroppgåva til kjøkkentenesta er å lage mat til bebuarane ved Askvoll omsorgssenter, i tillegg til dagsenter og heimebuande som får levert middagen heim.
Vi har følgjande ledige stillingar:
Stillingane inngår i turnus med arbeid på dagtid og helg, med arbeidstid etter 35,5 t/veke. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 14% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse vurderast. Ver venleg å oppgje i søknaden kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Erfaring frå arbeid som ernæringskokk vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.