Vi ser etter einleiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?
Helse- og omsorgsetaten søkjer etter einingsleiar til Bu- og miljøtenesta i Askvoll kommune. Dette er ei administrativ 100% fast stilling frå snarast, og vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.
Bu- og miljøtenesta har blant anna ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustader, tiltak i heim, BPA, omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstilbod. Vi er i ferd med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på, og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.