Ved eining Helse i Askvoll kommune har vi ledig vikariat i 100 % stilling som jordmor frå 1. mars 2027. Vikariatet varer i omlag 10 mnd. med muligheit for forlenging.
Jordmor er sentral i arbeidet knytt til reproduktiv helse, helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen og vil ha verknad på både det tverrfaglege, innhaldet i tenestetilbodet til gravide, foreldre og barn, og korleis tenestetilbodet vert organisert. Stillinga er i eit interkommunalt samarbeid med nabokommunane Fjaler og Hyllestad med kontordagar i kvar kommune. Askvoll kommune har arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.