Etne kommune - Bygg- og eigedomsdrift, reinhaldseininga søkjer etter ringevikarar i Skånevik og Etne.
Reinhaldsavdelinga ved Bygg- og eigedomsdrift er opptekne av:
Me har lang røynsle med alle typar reinhald.
Erfaring med reinhald er ønskjeleg.
Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
Du arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
Du er påliteleg, fleksibel og serviceinnstilt.
Du er oppteken av kvalitet og har gode arbeidsvanar.
Du er påliteleg og møter presist.
Du arbeider sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
Du er fleksibel og serviceinnstilt.
Du er nøyaktig og oppteken av kvalitet i arbeidet.
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Etne kommune kan tilby eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og god oppfølging.
Kommunal pensjon er ein av godane som føl jobben.
Lønn og tilsetjing i samsvar med det kommunale regulativ, eller etter avtale.
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.