Vil du jobbe i ei teneste som gir deg varierte oppgåver innan legevaktmedisin, i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement?
Då kan du vere den me ser etter!
Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt frå infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.
Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:
Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar.
Vi er i ein prosess med å sjå på på organisering av sjukepleiarteam på tvers av avdelingane for styrke sjukepleiarfaget i kommunen. Dette kan gje mange nye utviklande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me tilbyr
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Utdanning, opplæring og kurs
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i Ål
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Send søknad og politiattest
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.
Velkomen som søkjar.