Nav
Bergen, Norway
Om stillinga og arbeidsstaden Bergen akuttsenter avd. Nattland er ein akuttinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 4.1, 4.2 og 5.1. Bergen akuttsenter har sitt faglege rammeverk i barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner etter traumebevisst omsorg og følger akuttforløpet. Vi har ledig ei 23 % fast helgestilling med oppstart frå januar. Stillinga inneber for tida arbeid 3. kvar helg. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden. Arbeidsoppgåver Målet vårt er å stabilisere ungdom i krise og førebyggje vidare...