Nav
Molde, Norway
Om stillinga og arbeidsstaden Kollen ungdomsbase søkjer etter nye nattevaktar. Vi har ledig ei fast stilling som vaken nattevakt i vår avdeling i Molde og ei ledig stilling i vikariat i 2 år, i avdelinga vår på Vestnes. Stillinga er på 74% og arbeidstida for nattevaktene i begge avdelingane er frå kl 23.00 til 08.00. I stillinga jobber du og nokre dag- og kveldsvaktar og har arbeid kvar fjerde helg. Meir inngåande informasjon om turnus blir gitt under intervju. Vi ber om at det kjem fram i søknaden din, kor du ønskjer å ha din arbeidsplass. Kollen ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18(20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om Barneverntenester. Kollen ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitet med vaksne, skal oppleve meistring...