Nav
Isdalstø, Norway
Skal du bli sjukepleiar eller vernepleiar? Vi vil satse på nettopp deg Alver kommune er i gang med eit nytt tilbod for studentar, som vi har kalla student-trainee. Uansett om du akkurat har starta studiet eller har kome godt i gang, vil vi gjerne høyre frå deg. I studietida arbeider du i ei 20 % fast stilling, og etter fullført utdanning går du rett over i ei 100% trainee-stilling i 18 månader. Etter traineeløpet har du ei fast sjukepleiar/vernepleiarstilling. Som student får du mellom anna tilgang på 40 t e-læringskurs, som du kan gjennomføre når det passar deg. I tillegg vert du invitert inn på ei samling i halvåret saman med andre student-trainear. Som trainee får du delta på fagsamlingar og veljer deg i tillegg tre dagar med hospitering i andre av våre områder innan helse og omsorg. Gjennom god oppfølging og arbeidserfaring i ulike avdelingar vert du godt kjend med bredden av arbeidsfeltet for di utdanning. På denne måten opparbeider du deg ein unik kompetanse i kommunen....