Nav
Volda, Norway
Vi har ledig eit vikariat som miljøterapeut i Rustenesta, i 50% stilling frå 01.01.27 - 31.12.27 Arbeidet er på dagtid, med flexitid. Rus og psykisk helseteneste er ein del av sektor helse og omsorg og har kontor ved Omsorgssenteret i Volda. Tenesta er tverrfagleg samansett og har særleg kompetanse innan psykisk helse, rus, avhengigheit og samtidige lidingar. Vi har til saman 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgnteneste til heimebuande og Myra bufellesskap
Arbeidsoppgåver Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene. Individuell oppfølging med fokus på mestring, endring og utvikling. Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtaler/møter og behandling. Psykososiale tiltak- strukturering i kvardagen...