Nav
Ålesund, Norway
Er du vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller ergoterapeut? Og kunne tenke deg å arbeide som fagkonsulent med oss? Du må du lese vidare. Ønskjer du å arbeide med habilitering i spesialisthelsetenesta? Spesialisert habilitering Sunnmøre søkjer ein fagleg engasjert medarbeidar i 50 % stilling. Vi ønskjer oss ein kollega med relevant fagkompetanse, god klinisk vurderingsevne og interesse for tverrfagleg samarbeid. Du bør trivast med komplekse problemstillingar, bidra aktivt i faglege drøftingar og vere oppteken av kunnskapsbasert praksis. Hos oss får du arbeide med utgreiing, oppfølging, rettleiing og kompetanseoverføring i eit spesialisert og tverrfagleg fagmiljø. Arbeidet er variert og omfattar både poliklinisk og ambulant verksemd, i tett samarbeid med pasientar, pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Spesialisert habilitering Sunnmøre tilbyr tverrfaglege spesialisthelsetenester til vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Vi...