Nav
Ølen, Norway
Vindafjord kommune søkjer ein engasjert og fagleg trygg kommuneoverlege som ønskjer å bidra til god folkehelse, forsvarlege helse- og omsorgstenester og god samfunnsmedisinsk beredskap. Stillinga er strategisk viktig og gir høve til å arbeida tett med både administrativ og politisk leiing. Om stillinga Kommuneoverlegen er kommunen sin medisinskfaglege rådgjevar og har ei sentral rolle innan samfunnsmedisin, smittevern, folkehelse og helseberedskap. Stillinga er organisatorisk plassert hos kommunalsjef for helse og omsorg , og inngår i kommunen sitt overordna plan- og beredskapsarbeid. Stillinga er på 30 % , og eignar seg godt i kombinasjon med anna kommunal, regional eller klinisk verksemd. Arbeidsoppgåver: Medisinskfagleg rådgjeving for kommunedirektør, kommunalsjef og politisk leiing Ivareta kommuneoverlegeoppgåver etter gjeldande lovverk, mellom anna: - Folkehelselova - Helse- og omsorgstenestelova - Smittevernlova - Lov om helsemessig og sosial beredskap Bidra til...