Nav
Haugesund, Norway
Vil du vere med og forme framtidas LIS-utdanning i Helse Fonna? Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege får du ansvar for å utvikle og kvalitetssikre LIS-utdanninga i Helse Fonna. Du blir eit viktig bindeledd mellom fagmiljøa, leiinga, utdanningsutvalet og regionale samarbeidspartnarar – og får påverke korleis vi legg til rette for ei heilskapleg og fagleg solid spesialistutdanning. Utdanning er ei av kjerneoppgåvene i spesialisthelsetenesta. Helse Fonna har ansvar for det faglege innhaldet og den praktiske gjennomføringa av spesialistutdanninga for legar i føretaket. Målet er at legar i spesialisering skal få utdanningsløp med høg fagleg kvalitet, god progresjon og føreseielege rammer. Du skal leie Helse Fonna sitt utdanningsutval for legar i spesialisering og representere føretaket i det regionale utdanningssenteret RegUt . Gjennom samarbeid med fagmiljø i og utanfor Helse Fonna bidreg du til å vidareutvikle utdanninga både lokalt og regionalt. 👉 Vil du bruke...