Nav
Skogsvåg, Norway
Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar på natt. Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø? Ein av våre tilsette har slutta og vi har ledig stilling pt. knytt til natt. Er du ein engasjert helsefagarbeidar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til. Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med...