Nav
5337 Rong, Norway
Om avdelinga Tunet er eit døgnbemanna butilbod for vaksne med samansette utfordringar knytte til rus og psykisk helse. Vi arbeider for å skapa ein trygg, føreseieleg og meiningsfull kvardag for bebuarane våre, med vekt på relasjonsbygging, meistring, medverknad og respekt. Vi tilbyr individuelt tilpassa tenester og arbeider målretta for å styrkja ressursane og moglegheitene til kvar enkelt. Dette krev tett oppfølging, fagleg refleksjon og godt samarbeid både internt og med pårørande og andre samarbeidspartnarar. Vi har ei personalgruppe med høg fagleg kompetanse og relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Vi arbeider tett saman i team og samarbeider med pårørande og andre faginstansar for å gi brukarane trygge og heilskaplege tenester. Vi ønskjer å vera ein arbeidsplass prega av openheit, engasjement og fagleg utvikling, der medarbeidarane støttar kvarandre og arbeider mot felles mål. Vi har nå ledig 100% vikariat ved Tunet Vikariatet er ledig frå 01.01.2027...