Nav
Haugesund, Norway
Vil du bli psykiater? Er du oppteken av å gi gode tenester til pasientar med psykiske lidingar? Då kan dette vere stillinga for deg. Ved Haugaland DPS får du ein variert og lærerik praksis innan psykisk helsevern. Gjennom spesialiseringsløpet blir du ein del av eit fagmiljø der du får erfaring med postarbeid, poliklinisk arbeid, vaktordning, ambulant verksemd og samarbeid mellom psykisk helsevern og somatikk. I Helse Fonna kan vi tilby eit spesialiseringsløp som dekkjer alle praksiskrav for å bli spesialist i psykiatri, både når det gjeld tenestestader og rettleiing. Lege i spesialisering blir tilsett i fast stilling gjennom heile utdanningsløpet, og går over til fast overlegestilling når spesialiseringa er fullført. Fagmiljøet vårt er robust og innovativt. Fleire av kollegaene våre har formell forskarkompetanse og bidreg i utviklinga av nye behandlingstilbod. Vi kan tilby deg eit komplett spesialiseringsløp lokalt. Spesialiseringsløpet har ein struktur med felles...