Nav
Bergen, Norway
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Mellombels stilling som universitetslektor i russisk Velkomen som søkjar til ei mellombels stilling som universitetslektor i russisk (15 prosent) ved Institutt for framandspråk frå 1. januar til 30. juni 2027. Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har for tida tre faste stillingar med ansvar for undervisning og forsking...