Nav
Skulestadmo, Norway
Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring? Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra. Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med...