Nav
Bergen, Norway
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Ved avdelinga er det ledig ei fast stilling som bioingeniør. Stillinga er knytta til Seksjon for celleterapi. I stillinga som bioingeniør vil ein få utfordrande og varierte oppgåver knytta til stamcellebehandling. Seksjon for celleterapi handterer og prosesserer celleterapiprodukt av høg kvalitet på oppdrag frå Seksjon for...