Nav
Ål Municipality, Norway
Ål kommune søkjer fagleg engasjert ergoterapeut i eit vikariat i 50 % stilling frå 1. oktober 2026-31.07.26. Hjå oss er all ergo- og fysioterapiteneste i kommunen samla i ei avdeling. Me har 3 ergoterapeutar, heimevaktmeister, 7 fysioterapeuter, friskivskoordinator, koordinerande eining, oppsøkjande team, dagsenter og psykisk helse og rus i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø, eit aktivt fagmiljø og breitt samarbeid med andre faginstansar. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. Arbeidsområde: Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste. Førebygging, behandling og rehabilitering i og utanfor institusjon. Hjelpemiddelformidling og oppfølging. Vere med å finne fram til og ta i bruk velferdsteknologiske løysingar/e-helse. Kvalifikasjonar: Offentleg godkjend ergoterapeut Gjerne erfaring frå offentleg praksis Førarkort klasse B er ein fordel. Personlege eigenskapar: Interesse og engasjement for faget...