Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen
Kokstad, Norway
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen, er eit ressurs- og kompetansesenter på andrelinjenivå, med ca. 125 tilsette. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning, rådgjeving og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetjing, tolketenester for døve og døvblinde og arbeidsretta rettleiing på syns- og høyrselsområdet. Rådgjevingsavdelinga på Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig tre eittårige vikariat i 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar, kode 1434/1364. Vi ynskjer oppstart i det eine vikariatet så snart som mogleg. For dei to andre vikariata er det mest tenleg med oppstart mot slutten av sommaren. Vi kan utsette oppstarten dersom det er nødvendig for å få dei best kvalifiserte søkarane. Stillingane er plasserte i lønnsspenn med bruttolønn fra kr. 557.200,- til kr. 615.700,-. Frå lønna blir det trekt 2 % pliktig innskott til Statens pensjonskasse.
Arbeidsoppgaver Det eine vikariatet er knytt til...