Nav
Oslo, Norway
Vil du jobbe med innsyn i ei verksemd med stort samfunnsansvar? Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag: å bidra til ei trygg framtid for menneske, dyr og natur. Vi sørgjer for trygg mat, god dyrehelse og god dyrevelferd. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling. Mattilsynet mottar mange innsynskrav kvart år. Derfor søkjer vi nå ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret. Stillinga er plassert i seksjon dokumentasjonsforvaltning, som har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, arkiv og innsyn. Seksjonen bidrar til å sikre openheit og tillit til Mattilsynets arbeid. Arbeidsstad vil vere Oslo eller Brumunddal. Innsynsteamet behandlar innsynskrav som blir sende til hovudkontoret, og handterer klager i saker der hovudkontoret er førsteinstans. Dette er eit viktig fagområde som bidrar til offentleg innsyn og rettssikkerheit. Du vil samarbeide tett med teamkoordinatoren for innsynsteamet. Vi...