Nav
Kristiansund, Norway
Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig fast stilling som helsesekretær. Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette. Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund). Vi har fire sekretærstillingar og 25 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre. Det kan verte behov for eit vikariat i seksjonen.
Arbeidsoppgåver Resepsjonsarbeid med mottak av pasientar, samt telefonservice Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner Skåring av kartleggingsverkty Følge opp pasientventelister Rydding i rapportar, skanning av...