Nav
Oslo, Norway
Om Trafikksikkerhetsseksjonen Trafikksikkerhetsseksjonen har ansvaret for departementet sitt arbeid med trafikktryggleik på veg, og forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport. Dette er eit breitt og mangearta område, med stor merksemd politisk og frå nærings- og interesseorganisasjonar, media og publikum. Forvalting og utvikling av vegtrafikklovgivinga og regelverket for yrkestransport inneber ansvar for eit mangfald av dagsaktuelle område som til dømes trafikkreglar, fartsgrenser, førarkort, el-sparkesyklar og selvkøyrande køyretøy, drosje, transportberedskap og gods- og persontransport. Seksjonen har utstrekt samarbeid med andre departement og etatar, og stort omfang av EØS-arbeid. Seksjonen er ein av tre seksjonar i Veg-, by og trafikktryggleiksavdelinga, og består no av 14 medarbeiderar i tillegg til seksjonsleiar. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver Vi søkjer ein allsidig og lærevillig jurist som vil arbeide med eit breitt spekter...