Nav
Volda, Norway
Vi har ledig ei spennande 100 % stilling (vikariat) for lege i spesialisering (LIS) i fødselshjelp og kvinnesjukdomar, med oppstart etter avtale og varigheit fram til 31.08.2027 Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø med åtte normerte legestillingar, fordelte på fem overlegar og tre LIS-legar. Seksjonen legg stor vekt på fagleg utvikling, tett samarbeid og god rettleiing. Som LIS vil du få ei variert og lærerik kvardag med høve til å utvikle brei kompetanse innan både fødselshjelp og gynekologi. Fødeavdelinga har om lag 450-500 fødslar i året, med låg- til moderat-risiko fødslar. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vaktordninga er 6-delt, med heimevakt om natta. Dette gir god klinisk erfaring og ansvar, samstundes som ordninga legg til rette for ein god balanse mellom arbeid og fritid. Både seksjonen og sjukehuset elles har eit godt arbeidsmiljø, er veldrivne og godt utstyrte. Vi har barnelege til...