Nav
Molde, Norway
Vil du gjere ein forskjell for rettstryggleik og fagleg kvalitet? Vi søkjer rådgivar/seniorrådgivar Er du vernepleiar med autorisasjon og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for enkeltmenneske? Vi søkjer deg som vil vere med og sikre rettstryggleik for sårbare grupper og bidra til god offentleg forvaltning. Om seksjonen og fagmiljøet Stillinga er plassert i seksjon rettstryggleik i omsorg som har ansvar for oppgåver knytt til tvang mot personar med utviklingshemming og å sikre nødvendig helsehjelp til pasientar som ikkje kan gi samtykke og som motset seg behandlinga.Seksjonen samarbeider tett med seksjon helse, og saman utgjer dei eit engasjert fagmiljø med brei og variert kompetanse. Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil samarbeide med andre embete, direktorat og Helsetilsynet. Arbeidsoppgåver Du vil få høve til å arbeide både sjølvstendig og tverrfagleg med...