Nav
Bokn Municipality, Norway
Fjord1 innførar 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1.maskinist som ønsker å vere med på den nye ordninga. Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt. I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid. Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. Oppgåver iht. alarminstruks...