Nav
Bokn Municipality, Norway
Fjord1 planlegg å innføra 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi matrosar som ønsker å vere med på den nye ordninga. Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri, gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt. Sambandet er ei viktig del av E39 og ei av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i landet. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget. Oppstart er føresett i september, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og...