Nav
Vestland, Norway
Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bolig Moberg , er det frå snarast ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Arbeidsstad Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettinger. Tenesta består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter. Bolig Moberg er eit bufellesskap med 4 tenestemottakarar, hovudsakleg personar over 18 år, med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro. Stillinga er i turnus med 2-skiftsvakter og arbeid kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. Hos oss skal jobben handle om livskvalitet. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål...