Nav
Eikelandsosen, Norway
Vi har ledig stilling som barnehagelærar i 100 % fast stilling, frå snarast. Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på språk, ASK, leik, inkluderande barnehagemiljø og berekraftig utvikling. Arbeidsstad Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 20 tilsette og 73 barn fordelt på 5 avdelingar. I 2023 flytta vi inn i eit nytt og moderne bygg, vi har innbydande lokaler, eit fantastisk uteområde og moglegheit for bemanna plantid. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet. Arbeidsoppgåver - Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å...