Nav
Vinje Municipality, Norway
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko. Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre. Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer! Dette er Vinje sjukeheim: Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar) Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skaper me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit...