Nav
Lauvstad, Norway
Vi søkjer ein dyktig og engasjert fagarbeidar/assistent til skule og SFO i 60-80% stilling frå 10.08.26, eller etter avtale. Vi ser etter deg som ønskjer å vere ein viktig del av eit inkluderande og varmt læringsmiljø, der trivsel, tryggleik, læring og aktivitet står i sentrum for alt vi gjer.
Hva vi ser etter
Du
er ein trygg og tydeleg vaksen for elevane
er empatisk, med evne til å sjå og forstå ulike elevar sine behov.
er tolmodig og støttande, særleg i møte med elevar som treng ekstra tryggleik og/eller struktur.
er fleksibel og samarbeidsvillig, både i møte med elevar og i samarbeid med lærarar, SFO‑leiar og andre tilsette.
er initiativrik, ser kva som trengst og tek tak
er positiv og løysingsorientert
har grunnleggjande forståing for læring og utvikling hos barn, og korleis ein kan støtte elevar både fagleg og sosialt.
Det er ynskeleg med relevant utdanning, men erfaring frå t.d. barnehage, skule, SFO, fritidsklubb, idrettslag...