Ulvestad Barneskule ynskjer seg ein dyktig og hjartevarm fagarbeidar / assistent

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer ein dyktig og engasjert fagarbeidar/assistent til skule og SFO i 60-80% stilling frå 10.08.26, eller etter avtale. Vi ser etter deg som ønskjer å vere ein viktig del av eit inkluderande og varmt læringsmiljø, der trivsel, tryggleik, læring og aktivitet står i sentrum for alt vi gjer.

Hva vi ser etter

Du

  • er ein trygg og tydeleg vaksen for elevane

  • er empatisk, med evne til å sjå og forstå ulike elevar sine behov.

  • er tolmodig og støttande, særleg i møte med elevar som treng ekstra tryggleik og/eller struktur.

  • er fleksibel og samarbeidsvillig, både i møte med elevar og i samarbeid med lærarar, SFO‑leiar og andre tilsette.

  • er initiativrik, ser kva som trengst og tek tak

  • er positiv og løysingsorientert

  • har grunnleggjande forståing for læring og utvikling hos barn, og korleis ein kan støtte elevar både fagleg og sosialt.

Det er ynskeleg med relevant utdanning, men erfaring frå t.d. barnehage, skule, SFO, fritidsklubb, idrettslag eller anna arbeid med born og unge kan òg vere tilstrekkeleg.

Arbeidsoppgaver

Vi ser etter deg som m.a. kan

  • bygge gode relasjonar til elevar og vere ein positiv rollemodell

  • bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.

  • observere og støtte elevarbåde i gruppe og ein-til-ein, særleg elevar som treng ekstra tryggleik, struktur og/eller sosial støtte.

  • hjelpe til med praktisk organisering i klasserommet og ved uteundervisning.

  • tilrettelegge for ulike aktivitetar, leik- og læringssituasjonar både på SFO og i skulen

  • følge opp elevar i overgangane mellom skule og SFO.

  • skape trivsel og tryggleik gjennom gode rutinar og nærvere.

  • samarbeide med SFO‑leiar om planlegging og gjennomføring av aktivitetar.


Vi tilbyr

Vi tilbyr eit inkluderande og godt arbeidsmiljømed varierte og kjekke arbeidsoppgåver, moglegheit til å påverke og utvikle SFO- og skulemiljøet, og ein arbeidsplass der du verkeleg betyr noko for born sin kvardag. Hos oss får du vere med på mykje kjekt, både inne og ute, og du vert ein viktig del av eit lag som brenn for elevane sitt beste. Sjå meir info på facebook og heimesida vår.