Brystdiagnostisk senter er ein moderne seksjon som pr. i dag er lokalisert i flotte, nye lokale på Haraldsplass diakonale sykehus.
Seksjonen høyrer til Radiologisk avdeling (Haukeland universitetssjukehus) som til saman har om lag 350 tilsette. Nærare 50 av dei tilsette jobbar på Brystdiagnostisk senter - herunder radiologar, radiografar og merkantilt tilsette. Vi ser no etter to nye engasjerte radiografar som har lyst å bidra positivt inn i eit sterkt fagmiljø kva gjeld mammografi og brystkreftutgreiing.
Brystdiagnostisk senter har ein topp moderne utstyrspark til bruk innan diagnostikk av brystkreft. Seksjonen driv med både mammografiscreening og klinisk verksemd. Seksjonen har 6 stasjonære mammografiapparat fordelt på våre lokale på Haraldsplass Diakonale Sykehus og Danmarksplass. Med topp moderne utstyr kan vi også greie ut presist med 3D-teknikk og kontrastmammografi og kontrastveileda biopsi. Avdelinga er i tillegg heilt i oppstarten av ei KI-studie der radiografane spelar ei sentral rolle.
Radiografane ved Brystdiagnostisk senter rullerar på å jobbe på begge våre arbeidsstader. Radiografane jobbar mest dagtid, men har nokre kveldsvakter i månaden. Seksjonen set kvalitet og effektivitet i høgsetet, og er avhengig av dyktige medarbeidarar som har pasienten i fokus.
Ved Brystdiagnostisk senter jobbar radiografane tett på pasientar som er under ugtreiing for mogleg brystkreft. Radiografane tar dagleg aktivt del ved prøvetakingar som vakuumbiopsiar og andre biopsiar. Radiografen deltar i pasientnært arbeid med stort fokus på kommunikasjon - både når pasienten får gode beskjeder, men og når dei får tunge beskjedar.
Vi har for tida fleire ledige vikariat. 3 stk 100% vikariat ut mai 2027, 3 stk 100% vikariat ut desember 2026 og eit 50% vikariat ut desember 2026
Vi ynskjer å tilsette engasjerte, pasientorienterte og positive radiografar som kan bli ein del av vårt team.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
HIldegunn Siv Aase, Senterleiar, 55 97 64 61, [email protected]
Ina Heggernes Pedersen, Avdelingsradiograf, 55 97 51 59, [email protected]
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5139677980
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 14.06.2026