Vil du vere med og utvikle eitt av Vestlandets flottaste badeanlegg?
Hardangerbadet søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagleiar bad til ei nyoppretta nøkkelstilling. Me ser etter deg som vil vere med å sikre trygge, gode og minnerike opplevingar for gjestene våre. Du må trivast i eit aktivt miljø med høgt fokus på tryggleik, kvalitet og samarbeid.
Som fagleiar bad får du ei sentral rolle i den daglege drifta av badeanlegget. Du vil kombinere operativt arbeid i publikumstida med ansvar for opplæring, fagleg oppfølging og utvikling av gode rutinar innan tryggleik og drift. Stillinga skal bidra til å styrkje den faglege kvaliteten i badeavdelinga og vere ei viktig støtte for både medarbeidarar og leiing.
Du vil vere ein synleg og aktiv del av kvardagen i Hardangerbadet, arbeide tett saman med kollegaer og gjester, og bidra til at anlegget held høg standard innan sikkerheit, service og drift.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver
Operativ drift
Badevert- og badevertoppgåver
Bidra til god gjesteoppleving gjennom tilstedeværelse, høg fagleg standard og god service
Sikre trygg og effektiv drift i publikumstida
Delta i turnusarbeid med dag-, kvelds- og helgevakter
Fagleg ansvar
Vere fagleg støtte for badevertar og instruktørar
Planleggje og gjennomføre opplæring av nye medarbeidarar
Sikre til at rutinar for tryggleik, beredskap og HMS vert følgde
Planleggje og gjennomføre redningsøvingar og beredskapstrening
Utarbeide, oppdatere og følgje opp prosedyrar og kvalitetssystem
Medverke til etterleving av gjeldande regelverk og kvalitetskrav
Utvikling og samarbeid
Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Vere ein pådrivar for god tryggleikskultur og fagleg utvikling
Samarbeide tett med kollegaer og leiing for å vidareutvikle tilbodet ved Hardangerbadet
Kven er du?
For oss er personlege eigenskapar vel så viktige som erfaring og formell kompetanse.
Me ser etter deg som:
Er trygg, ansvarsfull og påliteleg
Har stor interesse for på tryggleik og kvalitet
Er positiv, serviceinnstilt og glad i å arbeide med menneske
Kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
Tek initiativ og ser kva som må gjerast
Er strukturert, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer menneska rundt deg
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel om du har erfaring frå servicearbeid, idrett, badeanlegg, undervisning eller liknande, men dette er ikkje eit krav.
Du må:
Vere symjedyktig
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, gjerne nynorsk
Gjennomføre nødvendig opplæring og sertifisering
God digital kompetanse
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Me tilbyr
Ei spennande og variert stilling i eit moderne badeanlegg
Moglegheit til å vere med og forme ei ny rolle i organisasjonen
Meiningsfulle arbeidsoppgåver med fokus på tryggleik, aktivitet og folkehelse
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Løn etter avtale
Gode forsikringsordningar
Om stillinga
Fast stilling i 100 %
Turnusarbeid med dag-, kveld- og helgevakter
Arbeidsstad: Hardangerbadet, Øystese
Tiltreding etter avtale
Om Hardangerbadet
Hardangerbadet er eit regionalt aktivitetssenter i hjartet av Hardanger. Me tilbyr badeopplevingar, trening, helse- og rehabiliteringstenester for både lokale innbyggjarar og tilreisande. Vår visjon er å skape aktivitet, helse og opplevingar for alle.
Vil du vere med på laget?
Stillinga omfattar oppgåver i kjønnsdelte garderobeområde, og mannlege søkjarar vert oppmoda til å søkje.
Arbeidsstad: Øystese, Kvam Herad
Stillingsprosent: 100 %
Søknadsfrist: 17.06.2026
For spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar ved Hardangerbadet.
E-post: [email protected], telefon: 98895013.
Velkomen som søkjar til Hardangerbadet -- der aktivitet, helse og opplevingar møtest. 🌊🏊♀️