Rådgivar/seniorrådgivar - spesialpedagogikk

Arbetsbeskrivning

Rådgivar/seniorrådgivar – spesialpedagogikk


 
Vil du arbeide med viktige oppgåver i skjeringspunktet mellom regelverk, kvalitet og utvikling i utdanningssektoren? Vi har no ledig ei fast stilling i verksemdsområdet sosial berekraft, seksjon utdanning.
Vi søkjer ein strukturert og fagleg sterk rådgivar/seniorrådgivar som vil styrkje arbeidet vårt innan spesialpedagogikk/individuell tilrettelegging.
 Seksjonen har ansvar for barnehage, skole, opplæring og integrering. Hos oss vil du få innsikt i og bidra til ei heilskapleg og tverrfagleg oppfølging av sektoren. Sentrale oppgåver i seksjonen er saksbehandling, rettleiing, klagehandsaming, tilsyn og kompetanse- og kvalitetsutvikling.
Har du interesse for god offentleg forvaltning og godt språk? Ønsker du å jobbe i eit aktivt og fagleg arbeidsmiljø med kollegaer i ulike aldrar? Dersom du kjenner deg igjen i verdiane våre – engasjert, rettferdig, open og kompetent – håper vi du søkjer stilling hos oss.
Stillinga omfattar varierte forvaltningsoppgåver. Du vil arbeide med klagesaksbehandling, tilsyn og utviklingsarbeid innan det spesialpedagogiske feltet, frå barnehage til vidaregåande opplæring. Du vil òg ha kontakt med kommunar, fylkeskommunar, PP-tenesta og andre relevante aktørar.
Den som blir tilsett må rekne med å kunne bli tillagt andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren sitt ansvarsområde, avhengig av kva oppgåver som til kvar tid er prioriterte og kva erfaring og kompetanse søkjar har.
 

Vi ser etter deg som


 
  • har relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne på masternivå. Spesialpedagogikk må inngå i fagkrinsen
  • har godt og klart språk, både skriftleg og munnleg
  • har erfaring med saksbehandling og/eller erfaring frå offentleg forvaltning
  • har erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
  • arbeider strukturert og sjølvstendig
  • samarbeider godt med andre
  • har god system- og rolleforståing

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som vert tilsett må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Begge målformene må kunne nyttast.

Hos oss får du

  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • løn som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) med lønsspenn frå kr.550.000,- til kr.800.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
 Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Mangfald


Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).

 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen


Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
 
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
 
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
 
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.  
 

Om oss


Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Maren Ingeborg Ørjasæter på telefon (Norge +47) 90041063.
 
Søknadsfrist: 21. Juni 2026