Arbetsbeskrivning

Vanylven Helse og Omsorgssenter har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!

Omsorgsenteret har totalt 43 plassar, fordelt på langtid, korttid, avlastning, demens, KAD og palliative rom. 

Som sjukepleiar på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 

Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet er for tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Ein kan eventuelt gå komprimert turnus med langvakter, arbeid kvar fjerde helg.
Vi har årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. 
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. 

Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. 

Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. 
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Sørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma. 
  • Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane 
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
  • Sikre gode pasientforløp
  • Ta i bruk velferdstekologiske løysingar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Godkjent politiattest
  • God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
  • Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg 
  • Effektiv fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
  • Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Personleg egnaheit blir vektlagt 

Vi tilbyr

  • Lønns- og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale
  • Faglege utfordringar
  • Spennande og varierte kvardagar 
  • Moglegheit for eigenutvikling
  • Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
  • Moglegheit for tilrettelagt turnus
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, [email protected]

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5138623087
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026