Då er dette ein smart måte å starte karrieren på.
Hos oss får du 30 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.
🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.
💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du mellom anna:
- ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane
- bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider tett om pasientane – kvar dag
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du er 3. års sjukepleiarstudent.
- Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
- trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
- tek ansvar og er sjølvstendig
- er nysgjerrig og liker å lære
Kvifor skal du velje oss?
Jo, for hos oss får du:
- Lønn, stipend og praksis i ett.
- Verdifull erfaring.
- Tilhørighet i eit fagleg miljø.
- Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kitty Elise Lind Fremmersvik, HR rådgivar,
[email protected]
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5136051550
Stillingsprosent: 0%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.12.2026