Sjukepleiarstudent på 1. året?

Arbetsbeskrivning

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på.
Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.

🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.

💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.


Kva går jobben ut på?

Hos oss får du mellom anna:

  • ta del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane
  • bli ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider om pasientane – kvar dag

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du er 1. års sjukepleiarstudent.
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
  • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • er nysgjerrig og liker å lære

Kvifor skal du velje oss?

Jo, for hos oss får du:

  • Lønn, stipend og praksis i ett.
  • Verdifull erfaring
  • Tilhørighet i eit fagleg miljø.
  • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gunvor Line Steinsland, HR rådgivar, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5136041237
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026